Enter content here 
                                    
REGLAR FOR BRUK AV STRANDA RIDE OG KØYREKLUBB
                                    SIN RIDEBANE
                                     
                                    RIDEBANA
                                    1.     Bruk av bana til annan aktivitet enn hest må avtalast på førehand.
                                    2.     Ridebana og hindermateriell kan GRATIS nyttast av medlemar i klubben.
                                    3.     Det er påbudt å nytte hjelm på ridebana og helst sikkerhetsvest.Trenar
                                    du sprang, skal ein alltid vere minst to stykker, dette på grunn av sikkerhet.
                                    4.     Ein skal ta omsyn dersom det er andre som er på bana når ein kjem.
                                    5.     Når ein er ferdig å bruke bana skal ein rydde opp etter seg, det betyr
                                    at ein skal ha på plass alt hindermateriell, ta vekk eventuelt søppel og hestebæsj.
                                    6.     Om noko vert ødelagt så skal ein så snart råd er gje beskjed til leiar
                                    i klubben.
                                    7.     Eige utstyr bør ikkje leggast igjen ved bana eller i brakka. Klubben tek
                                    ikkje ansvar for dette dersom det skulle forsvinne.
                                    8.     Lån av klubben sitt utstyr utanom bana skal avtalast på førehand.
                                    9.     Husk å slå av lyset på bana når du er ferdig.
                                     
                                    BRAKKA/container
                                    1.     Brakka kan kun nyttast ved arrangement i regi av klubben. Ein person er
                                    ansvarleg for dette. Ein skal vaske og rydde brakka etter bruk. Ting som er tatt ut av brakka ved arrangementet skal settast
                                    på plass. 
                                    2.     Dersom ein har nytta ovn og varmeovnar, eventuelt anna utstyr skal ein
                                    slå desse av før ein går. 
                                    3.    
                                    Nærliggande vegar –
                                    område til ridebana skal ikkje forsøplast .Ta alltid vekk hestedrit på vegen!
                                    4.     Vis omsyn til andre når du er ute å rir!
                                    5.     Leige av ridebane avtalast på førehand, 1000 kr. dag.